søndag, august 17

Dessverre inga KRIK avslutning, men snart klart for nye, kjekke samlingar!

P.g.a ferie og jobbing, har vi ikkje klart å få til noka KRIK-avslutning..
Derimot er det nye styret på plass og reknar med at KRIK kjem i gong om ikkje so lenge:) Lykke til med året som kjem! Eg og Ragnhild reiser på folkehøgskule no. Takk for i år!

-Hege-

onsdag, juni 18

KRIK avslutning utsett til august...

Hei, alle saman!

På grunn av at omtrent heile styret og mange andre reiser vekk på ferie eller jobbar no i juni, har vi bestemt oss for at vi heller tek ei sosial samling i august. Det blir då på ein måte både ei avslutning og ei åpning av eit nytt år med krik:) Meir info om dette skal dokke få på SMS og også her på bloggen. Inntil vidare må dokke ha ein super ferie! Det kan hende vi prøver å få til ein fjelltur i løpet av ferien også, om det er stemning for det?:)










Illustrasjonsbilde, hehe:p

God sommar!

søndag, juni 8

KRIK I DAG!;D

Det vert KRIK i hareidshallen i dag klokka 17. Aktivtetar som landhockey og fotball står på tapeten. Ta gjerne med deg ein ven eller ti! Vi sjåast;P

søndag, juni 1

KRIK Samling 1. juni

Beklager sein oppdatering...
Det blir KRIK-samling i dag klokka 17.00-19.00 i Hareidhallen:)
I dag skal vi halde på med mange kjekke leikar og stafettar + landhockey og basketball! Ei lita andakt blir det mest sannsynligvis også.

Kva er vel meir kjekt enn å samlast til mykje leik og morro inne når det regnar ute? :p Alle er hjarteleg velkomne!! =)

Kjem du??